For tredje år på rad inviterte Nedstrand Kyrkjeforum til Musikk i Sommarkvelden i Nedstrand kyrkje, kvar onsdag i juli.
Som alltid var det eit variert repertoar som spente frå vise, pop/jazz via orgelmusikkk til klassiske perler.
Her var det noko for ein kvar smak,- og me registrerte besøkande frå heile fylket,- i tillegg til hyttefolk, fastbuande og dei som ellers meir tilfeldig var i området.

av Bjørg Rørtveit/Nedstrand kyrkjeforum
Målet med konsertane er å skape aktivitet i kyrkja og bygda, i ei elles stille tid. Å komme inn i det vakre kyrkjerommet, sitje ned og nyte vakre tonar, omgitt av symboler, historie og hundreår av levd liv har ein verdi i seg sjølv. Mange (inkludert alle artistane) var i Nedstrand kyrkje for første gong,- og møtet gjer alltid inntrykk. Viktig å hugse på for oss som er der oftare. Me har ei nydelig kyrkje det er godt å vere i.

Først ut, onsdag 6.juli, var Tom Roger Aadland, ein kjær artist i vårt distrikt, og den som samla mest folk i år. Onsdagen deretter hadde me besøk av Elin Furubotn, som på eige initiativ hadde invitert med seg både Gunnar Roalkvam og Torbjørn Økland som gjeste artistar,- ei overrasking sjølv for arrangøren. Ein varm og sjarmerande kveld. 20.juli var det Martin Haug Tieghem som fekk fram det store spennet i kyrkjeorgelet når han spela alt frå Bach til Pink Floyd. På tide at det flotte instrumentet fekk spele hovudrolla tenkte me! Siste konsert var det den klassiske musikken som sto i sentrum når Almuth Chylek og Ingrid Berg Tobiassen gleda oss med fantastiske tonar på fiolin og piano/orgel. Ingen tvil om at me hadde med profesjonelle utøvarar å gjere gjennom alle dei fire sommarkveldane!

Konsertane er støtta av Norske kirkeakademier og Tysvær kommune, men er først og fremst publikumsfinansiert. Ein blir oppfordra til å vippse eit valgfritt beløp, og utan dette hadde sjølvsagt ikkje konsertane latt seg gjennomføre. Når det likevel er valgfritt kor mykje ein vil bidra med, så tenker me at prisen iallefall ikkje skal hindre nokon frå å komme.

Arrangørane gjer alt arbeid på dugnad, og artistane er også gjennomgåande rause når det gjeld honorar,- det er me svært takksame for. Me håpar det også for dei kan vere ein fin, sommarsleg oppleving med laus snipp,- der ein kjem tett på publikum. Gode tilbakemeldingar frå både artistar og publikum gjer at me har tru på dette konseptet, at det dekker eit behov og er til glede og påfyll midt i beste ferietida. Velkommen tilbake i 2023!