Påmelding for kull 2008 konfirmantåret 2022-2023
PÅMELDING TIL KONFIRMANTOPPLÆRING I TYSVÆR SOKN, 2022-2023
1.juni var eg på skulen og informerte elevane i 8.klasse om konfirmantopplegget for Tysvær Sokn 2022/2023.
Ungdommane fekk også utlevert ei skriftleg orientering med viktige datoar og opplysningar om konfirmasjonstida.
Tysvær kyrkjelyd vil at alle skal få ei god konfirmanttid, og ønskjer å tilrettelegge tilbodet så alle kan delta.
Kyrkja treng ei forpliktande påmelding for å planlegge og organisere til beste for alle.
Det er også viktig at me får informasjon om- og eventuelt ein samtale om sjukdom, dokumentert matallergi, funksjonshemming, konsentrasjonsvanskar mm.
Val av konfirmasjonsdag: Dei som skriv seg inn først, har størst sjanse for å få oppfylt ønsket sitt.
Lister for konfirmasjonsdag vil vere klar til møtet for foreldre/føresette tysdag 6.september.
Konfirmantavgift: Kr 600,- som dekkar utgiftar til kino, materiell og mat gjennom konfirmantåret.
Rekning kjem frå rekneskapskontoret til hausten.
Om dette blir til belastning for økonomien, ta kontakt, så finn me ei løysing.
NB! PÅMELDINGSFRIST: 20. JUNI.
Viktige datoar i starten:
- Oppstart/infosamling for konfirmantane onsdag 24.august på Tysvær Soknehus.
- Seminardag for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn i Tysvær kyrkje/Tysvær Soknehus,
laurdag 27.august kl 10.00.
- Presentasjonsgudsteneste i Tysvær kyrkje, søndag 4.september kl 11.00 (obligatorisk)
- Informasjonsmøte for foreldre/føresette tysdag 6.september kl 19.30 på Tysvær Soknehus.
- Konfirmasjon i Tysvær Kyrkje: Laurdag 6.mai og søndag 7.mai 2023.
Det meste av undervisninga blir på onsdagar.
PRAKSIS
Alle konfirmantane skal velje ei interessegruppe som er knytt opp mot aktivitetar i Tysvær Sokn.
Fyll inn tre ønsker i prioritert rekkefølge i påmeldingsskjemaet.
Desse gruppene deltar på 5 samlingar. Du kan velja mellom:
Leiarkonfirmant:
Her får du prøve deg som leiar, og kan velje ein av dei følgjande aktivitetane:
- Barnekoret ”Gledesprederen” i Tysværvåg (Tysdagar)
- Søndagsskule på Førland
- Søndagsskule i Tysværvåg
- Etter skuletid (onsdagar)
Dugnadsgruppe:
Bli med på ulike dugnadsoppgåver i/ved Soknehuset eller kyrkja.
Formingsgruppe:
Førebuing av formingsaktivitetar for barnearbeidet i kyrkjelyden.
Klipp, lim, lage modellar, klargjering.
Kyrkjenærleiar:
Trusopplæringa Kyrkjenær treng leiarar for mange aldersgrupper i trusopplæringa.
(F.eks. Lys vaken, aktivitetsdag på Stemnestaden, 4-årssamling, hausttakkefest, 7.klassetreff mm )
Du deltar på 1 leir og 1 aktivitetsdag eller fleire småarrangement + planleggingsmøte.
KONFIRMANTLEIR
Det blir konfirmantleir på Brandøy misjons- og konferansesenter på Bjoa i Vindafjord.
Dato: 27.-29.januar 2023. Leiren er eit høgdepunkt i konfirmanttida, og dei fleste pleier å bli med.
Leiren er ikkje obligatorisk. Pris for fullt opphold og buss frå Aksdal til Brandøy: 1900,-
Påmelding til hausten.
Velkommen som konfirmant!
Tysværvåg, 02.06.22
Marit Sofie Teistedal Vikre
Kateket i Tysvær
Tlf: 52 75 77 00 (Kyrkjekontoret) 481 35 457(Mobil) E-mail: msvikre@tysver.kommune.no
Påmelding:
Påmelding her
Ta kontakt viss de treng hjelp til påmelding, Eller har spørsmål om konfirmanttida