Her er informasjon om påmelding til konfirmasjoner 2023/24 i Tysvær Sokn.
Påmelding:
Påmelding opnar 15.juni. Hugs at dette gjeld Tysvær sokn!
TRYKK HER FOR PÅMELDINGSSKJEMA
TRYKK HER FOR INFORMASJONSSKRIV
Tysvær kyrkjelyd vil at alle skal få ei god konfirmanttid, og ønskjer å tilrettelegge tilbodet så alle kan delta. Kyrkja treng ei forpliktande påmelding for å planlegge og organisere til beste for alle.
Det er også viktig at me får informasjon om- og eventuelt ein samtale om sjukdom, dokumentert matallergi, funksjonshemming, konsentrasjonsvanskar mm.
Ta kontakt viss de treng hjelp til påmelding, eller har spørsmål om konfirmanttida!
Val av konfirmasjonsdag
Dei som skriv seg inn først, har størst sjanse for å få oppfylt ønsket sitt. Lister for konfirmasjonsdag vil vere klar til møtet for foreldre/føresette tysdag 5.september.
Konfirmantavgift
Kr 600,- som dekkar utgiftar til kino, materiell og mat gjennom konfirmantåret.
Rekning kjem frå rekneskapskontoret til hausten. Om dette blir til belastning for økonomien, ta kontakt, så finn me ei løysing.
NB! PÅMELDINGSFRIST: 1.JULI
VIKTIGE DATOAR I STARTEN
- Oppstart/infosamling for konfirmantane onsdag 23.august på Tysvær Soknehus.
- Seminardag for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn i Tysvær kyrkje/Tysvær Soknehus,
laurdag 26.august kl 10.00.
- Presentasjonsgudsteneste i Tysvær kyrkje, søndag 3.september kl 11.00 (obligatorisk)
- Informasjonsmøte for foreldre/føresette tysdag 5.september kl 19.30 på Tysvær Soknehus.
- Konfirmasjon i Tysvær Kyrkje: Laurdag 11.mai og søndag 12.mai 2024.
Det meste av undervisninga blir på onsdagar.
Velkommen som konfirmant!
LITT PRAKTISK
Alle konfirmantane skal velje ei interessegruppe som er knytta opp mot aktivitetar i Tysvær Sokn.
Fyll inn tre ønsker i prioritert rekkefølge i påmeldingsskjemaet.
Desse gruppene deltar på 5 samlingar. Du kan velja mellom:
Leiarkonfirmant:
Her får du prøve deg som leiar, og kan velje ein av dei følgjande aktivitetane:
- Barnekoret Gledesprederen i Tysværvåg
- Medarbeidar på «Supertorsdag»
- Bakegruppe
- Kyrkjenærleiar
- Dugnadsgruppe
Barnekoret Gledesprederen i Tysværvåg: Delta på fire øvingar og eit planleggingsmøte.
Medarbeidar på «Supertorsdag»: Vere med og lage i stand (rigg, rydd, middag, leik)til Supertorsdag på Tysvær soknehus, 4 torsdagar etter skuletid fram til kl 18.00.
Bakegruppe: 4 kveldar med baking til kyrkjekaffi + gjere dugnad ein gong på kyrkjekaffi.
Kyrkjenærleiar: Trusopplæringa Kyrkjenær treng leiarar for mange aldersgrupper i trusopplæringa.
(F.eks. Lys vaken, aktivitetsdag på Stemnestaden, 4-årssamling, hausttakkefest, 7.klassetreff mm )
Du deltar på 1 leir og 1 aktivitetsdag eller fleire småarrangement + planleggingsmøte.
Dugnadsgruppe: Bli med på 5 ulike dugnadsoppgåver i/ved Soknehuset eller kyrkja.
KONFIRMANTLEIR
Det blir konfirmantleir på Brandøy misjons- og konferansesenter på Bjoa i Vindafjord.
Dato: 26.-28.januar 2024. Leiren er eit høgdepunkt i konfirmanttida, og dei fleste pleier å bli med.
Leiren er ikkje obligatorisk. Pris for fullt opphold: Kr 1900,- Påmelding til hausten.