Ledig stilling: Kyrkjeverje i Bokn


Kyrkjeverje i 50% stilling

Me søkjer etter ny kyrkjeverje i Bokn. Soknerådet i Bokn har også fellesrådsfunksjon. I Bokn bur det ca 850 innbyggjarar. Soknet har godt samarbeid med Tysvær og har felles prest, organist og kateket. I tillegg har me kyrkjetenar og god tenesteytingsavtale med kommunen. Avtale om lokal trusopplæringsplan saman med Tysvær. Kyrkjeverja har kontor i kommuneadministrasjonen i Bokn.

 

Oppgåver
Dagleg leiar for fellesrådet sitt arbeid.
Personalansvar for dei tilsette.
Økonomisk og administrativt leiaransvar.
Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkja og gravplass.
Sakshandsamar og sekretær for  fellesrådet og oppfølging av vedtak.
Kontakt med og rapportering til offentleg mynde.
Strategisk planlegging og utvikling.

Ønskja kvalifikasjonar
Høgskuleutdanning eller realkompetanse innan området
Kjennskap til offentleg forvaltning og økonomi
Kjennskap til kyrkjas liv og verksemd
Personleg eigna
Evne til å arbeida sjølvstendig , samarbeide og motivere.

Løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.

Du må disponere eigen bil. Du må vere medlem i Den norske kyrkja og kunne identifisere seg med kyrkja sitt verdigrunnlag. Det blir kravd politiattest ved tilsetjing.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte leiar i fellesrådet, Merete Alvestad tlf. 99357163 eller kyrkjeverje Jan Magne Moi tlf. 91359668 /Jan.magne.moi@bokn.kommune.no

Stillinga er ledig frå 1. august 2023.

Søknadsfrist: 4. januar 2023

Søknad vert å sende:
Bokn Sokn, Pb. 18, 5569 Bokn
Jan.magne.moi@bokn.kommune.no

Tilbake