Ny kyrkjeverge


Tysvær kyrkjelege fellesråd har tilsett ny kyrkjeverge. Ottar Krakk overtar som kyrkjeverge i Tysvær når Eva Birkeland går av med pensjon i 2023. Ottar er busett i Skjold og har jobba mange år i Tysvær, så han har god kjennskap til kommunen.

 


F.v. Ottar Krakk, Ståle Hustoft og Eva Birkeland

Stillinga som kyrkjeverge i Tysvær vart lyst ut i september, med søknadsfrist 15. oktober. Det var 6 søkjerar til stillinga. Det er kyrkjeleg fellesråd som gjer den formelle tilsetjinga, og det vart gjort vedtak i møte 8. november.

"Me er glade for å få tilsett nokon i stillinga i god tid, slik at me kan få til ei god overføring når Ottar tek til i jobben," seier leiar i Tysvær kyrkjelege fellesråd, Ståle Hustoft, som har leia intervjuutvalet.
"Også er jo Ottar ein hyggelig, erfaren og kunnskapsrik mann, så dette er me trygge på at skal bli bra," fortset Hustoft.

Ottar Krakk kjem frå stillinga som kyrkjeverge i Sveio. 

Eva Birkeland har siste dag i leiarstolen 30. april. 2023, og Krakk tek over 1. mai. 

Tilbake