Annerledes julegudstjeneste i Bokn i år


I år blir det facebook gudstjeneste frå Bokn

 

Kyrkja julafta

Året 2020 er blitt eit annleis år på grunn av smittefaren med Covid 19. Det har resultert i avgrensing til 50 personar om gongen i kyrkja denne jula. Når korps og deltakarar i julespel er talt med, blir det få plassar att til andre.

Difor vil gudstenesta bli overført på same måte som 17. mai i Bokn.

Julafta kl. 13.00 kan alle i Bokn sjå gudstenesta i heimane sine. Me oppmodar storfamiliane til å samlast framfor TV-skjermen, syng med og ta del i gudstenesta. Korpset vil spele, Julespel som i alle år, allsong leia av May Jorun Vatnaland og Håkon Sletten. Soknepresten vår, Tor Egil Eriksen og organist Bergfrid Seibt talar og spelar til songane. Merete Alvestad leiar arbeidet med julespelet.

Dersom du vil få med deg gudstenesta fleire gonger eller vil dele med nokon som ikkje har fått det med seg, kan du gå inn på Facebook og søke opp «Kyrkja i Bokn». Der vil gudstenesta ligge inne heile julehelga.

Jan Magne Moi, kyrkjeverje

  Link til facebooksiden til Bokn kyrkje

Tilbake