Påmelding for kull 2011 konfirmantåret 2025-2026
Konfirmasjon 2025/2026 i Skjoldastraumen og Nedstrand
Kjære 8.klassing
KONFIRMASJON! Det gjeld deg!
Du har kanskje begynt å tenke på konfirmasjon. Det har i alle fall vi.
Kyrkja inviterer til konfirmasjon i Skjoldastraumen og Nedstrand.
Konfirmasjonsopplegget vårt består av: Off-piste helg, samlingar i kyrkja, film, gudstenester, gruppesamlingar, hjelpeleiar, konfirmantleir for alle konfirmantane i Tysvær og Bokn på Brandøy, innsamlingsaksjon m.m. Vi kjem til å ha omtrent same opplegg som i fjor.
Utgangspunktet for konfirmasjonen er at dei fleste blei døypt for omtrent 13 år sidan. Då var det foreldra dine som valde at du skulle få del i trua på Jesus og bli medlem i kyrkja. Sidan den gang har du blitt meir og meir sjølvstendig, med tankar om tru og liv.
Gjennom aktivitetar, undervisning, deltaking i gudstenester og anna ønsker vi at konfirmanttida skal være ei kjekk tid der vi rører ved viktige sider ved livet og trua. Det vil vere god anledning til å komme med spørsmål og eigne tankar om kva fortellingen om Jesus betyr for oss i dag.
Vi inviterer konfirmantar og foreldre til informasjonsmøte i:
Skjoldastraumen kyrkje 4.juni kl.18.00
Samlinga varer omlag 45 min. De får informasjon om opplegget og nokon viktige datoar som det er lurt å reservere. Til slutt har vi tid til spørsmål.
Ungdommar som ikkje er døypte, eller ikkje er medlemar kan også få invitasjon til å delta i konfirmasjonsopplegget. Gi evt. informasjon til dei du kjenner, eller be dei kontakte oss.
Konfirmasjon 2026 blir
- Nedstrand søndag 10.mai
- Skjoldastraumen søndag 3. mai.
Ta kontakt om dere lurer på noe.
Vennlig helsing
Sokneprest Dag Tormod Milje
Tlf 934 15 401
email: DM873@kirken.no