Alle rettigheter 2019 Tysvær kyrkjelege fellesråd

Ledig stilling i Bokn


Bokn sokn har ledig stilling som kyrkjelydspedagog

 

Kyrkjelyden har vedteke trusopplæringsplanen ”Kyrkjenær”.

Målet er å nå alle døypte barn og unge i alderen 0-18 år med eit årleg tiltak for kvart alderstrinn.

Vår visjon er at kyrka skal vere nær i barn og unge sitt liv, og barn og unge nær i kyrkja sitt liv.

 

Stillingsstorleik: 20% - snarleg tilsetjing.

                   Vi søker deg som:

  • trivst med å jobbe med barn og unge
  • likar å jobbe i team og er god til å bygge nettverk
  • kan jobbe sjølvstendig
  • likar utfordringar
  • kan identifisere deg med trusopplæringsplanen Kyrkjenær
  • har erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid
  • har relevant utdanning for eksempel innan pedagogikk, kristendom, teologi

     

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

     

    Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for å leie og gjennomføre vedtatt trusopplæringsplan i Bokn sokn, i samarbeid med sokneprest, frivillige og folk i timeengasjement.

     

    Stillinga vil ha kontor på Boknatun saman med kyrkjeverja. Søkjar bør disponere bil.

     

     

    Vi tilbyr:

  • eit trivelig og dynamisk arbeidsmiljø
  • løn etter avtale og gjeldande tariff
  • pensjonsordning

     

    Søknaden til stillinga med CV, referansar og attestar skal sendast til Bokn sokn, postboks 18, 5561 Bokn, evt. på e-post til janmoi@bokn.kommune.no innan 7. april 2019.

  • Søkjar som vert tilbydd stillinga må og kunne legge frem politiattest/barneomsorgsattest.

     

    Kontakt soknerådsleiar Merete Alvestad 993 57 163 eller

    kyrkjeverje Jan Magne Moi 913 59 668 for nærmare informasjon om stillinga.

 

Tilbake