Påske – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon
Norheimsund og Øystese Ungdomskor på konsertturné 26. mars – 1. april 2026
Kvart år sidan 1968 har Norheimsund og Øystese Ungdomskor reist på turné for å spre song og
musikkglede og samle inn pengar til eit prosjekt. I år går turen til Haugalandet.
Koret skal ha base på leirstaden Stemnestaden leirstad.
Konserten koret framfører har fått namnet «Påske – ei vandring frå palmesundag til påskemorgon».
Gjennom musikk, tekstformidling, lyssetjing og bruk av bilete på storskjerm vert publikum teke med
på ei vandring frå palmesundag til påskemorgon. Repertoaret er variert og spenner frå tradisjonelle
påskesalmar til nyare påskesongar. Alt blir framført på norsk.
Det er gratis inngang på alle konsertane, men koret tek opp ein kollekt. Turnékostnadane betaler
ungdommane sjølve, så alle innsamla midlar går uavkorta til koret sitt misjonsprosjekt. Prosjektet blir
presentert på konserten.
Kormedlemmene er i alderen 13 – 19 år. Dirigent for koret er Vidar Sangolt frå Norheimsund i
Hardanger. Bandbesetningen består av piano, synth, gitar, bass, trommer, perkusjon og fiolin. Koret
har 26 songarar