Open kyrkje i Nedstrand

Kvar søndag frå 17.juni til 12.august.

 

OPEN KYRKJE UNDER MUSEUMSVANDRING

 
Det vert open kyrkje i Nedstrand under museumsvandringa søndag den 17.juni fra kl. 13.00 - 16.00.
 
Kyrkja er også open kvar søndag frå og med 17. juni til og med 12. august kl. 13.00 - 15.00.

 

Nedstrand Kyrkje som vart vigsla 15. juli 1868. er ei av mange av arkitekt Linstow. Koret har eit stavkyrkjepreg og dette får heile rommet til å verke meir lunt og romsleg på same tid. Altertavla er frå 1611 og har pryda tre kyrkjer i Nedstrand. Thomas snekker er meistaren for dei detaljrike utskjeringane, og Peter Reimers stod for målarkunsten. I 1628-29 var også den kjende tyske målaren Gottrid Hendtzel her. Desse kunstnarane har sett sitt preg på mange kyrkjer, då særleg her i Ryfylke. Kyrkja har meir enn altertavla å vise fram og i tillegg er den gamle kyrkjegarden verdt eit besøk


Del denne artikkel på e-post